Bilder frå 2009



Her er nokre bilder frå Zporty-festivalen 2009;



Her er nokre frå hjelpemannskapet klar til innsats. Kanoane skal hentast og klargjerast til neste tur. Joakim, Magrethe og Ole Kristoffer er klar og zporty.

Det var mange som koste seg med å delta på kajakkfiskaren. Ynskjer du å kjøpa ein slik, så ta kontakt for tilbud. Og at du også då får eit slikt trivselssmil kan me garantera!



Spent deltakar får dei siste instruksjonar av vår instruktør Adrian frå New Zealand.



Kiosk er viktig, slik at alle får energi både før og etter aktivitetane. Her er det Hilde og Ida Marie som er klar for kva som helst.



Her sit instruktøren for "Fotografen" Jan Nordtveit ved datamaskinen, medan deltakerane står rundt og beundrar bileta som dei tok dagen før. Og så lærer dei meir om kvifor eit bilde er godt og ikkje. Smil...



Sirkusgruppa Gnist frå Karmøy instruerte 40 born og ungdom i sirkuseriet. Stor stemning og entusiasme. Me kan sjå fram til mange gode sirkusinnslag rundt i distriktet.



Aud Sigrid Flesland instruerer komande kunstmalerar. Ho er ein av våre gode, dyktige og engasjerte instruktørar.



Dette året var Hoggormsafari ein av aktivitetane. Og me fekk løyve til å fanga ein. Her ser me buret som var klargjort. Me så hoggorm på turen, men me greide ikkje å fanga han.
Til venstre ser me nokre av båtane som vart bygde på Båtbyggaren.



Utan mat og drikke, duger zporty heltar ikkje...



Vår medhjelpar Olav Bakkedal Bjelland har lagt alt til rette for båtbyggaren. Viktig at vi legg sjela i alt vi gjer.



Masse båtar og flott vær i båthavna i Vikedal. Absolutt verdt eit besøk, og nyttig for våre aktivitetar.



Markedsføring er viktig, og her er banneret på det store festivalteltet i båthavna. Og endå ein gong takk til Sparebank 1 - Sr-bank! Og alle andre svært viktige sponsorar.



Full fres på Go-cart banen. Svein Bjarte og Danile Holten er topp instruktørar. Sveinung Holten Leifsen gjer seg klar med flagget.



Her er nokre av deltakerane på sykkel-freestyle. Med aktivitetsleiar Morten Skeie i midten. Han gjer ein kjempejobb, og har nyleg fått på plass dirt-jump banen me ser litt av. Ein flott aktivitet!



Zporty-festivalen får besøk av ualminneleg mange trivlige deltakerar. Her er to av dei, som deltok på zykkel-freestyle. Eit stiligt saftglas forresten...



Full fart i sykkelløypa, som ligg ved fotballbanen og bygdahuset i Vikedal.



Heisann og hoppsann! Denna gutan er lagd av "real stuff..."



Instruktør Morten Skeie må også visa sine kunster i praksis. Og denne gongen gjekk det bra!



Her er Vikedalsfossen og deler av jungelen som blir brukt under Jungeltur i Vikedalselvå. Eit fantastisk flott område med jungel og andre opplevingar.



 

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools