Kven er vi?


Zporty vart starta for å etablera den første Zporty-festivalen. Etterkvart har me utvida med endå ein festival, fotballskule, div. arrangement for skular, bedrifter etc.

Formålet med bedrifta er å tilby alle som er "zporty" ulike innspel, tips, motivasjon og arrangement, som igjen skal resultera i auka livskvalitet og ei endå meir aktiv- og positiv fritid.

Bakgrunn.
Eg har heilt sidan eg var liten vore aktiv i ulike lag og foreningar. Både som leiar og som utøvar. I tillegg har eg brukt naturen mykje. Til klatring, kanoturar, fisking, trening, ski og mykje anna. Eg har hatt det mykje kjekt med det, og dette vil eg gjerne at flest mulig andre også skal få oppleva. Og dette gjeld langt på veg også dei andre.

Zporty har også ein klar filosofi når det gjeld måten å leva på. Eg benyttar begrepet "zporty livsstil", som strengt tatt ikkje er noko anna enn vanleg folkaskikk satt i system.
Meir om dette kan du lesa under zporty kulturen.
Det var litt om zporty, og litt om meg.

Kommentarar og synspunkter mottas med takk.

Helsing frank (Leeds-supporter)


 

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools