hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Snøfestival - 2013
Snøfestival - 2012
Snøfestival - 2011
Bilder
Snøfestival - 2010
Snøfestival - 2009
Snøfestival - 2008
Snøfestival - 2007
Snøfestival - 2006
Program - 2006
Snøfestival - 2005
Om Zporty snøfestival
Kor, når og korleis
Samarbeidspartnerar
Kurs
Overnatting
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold

PROGRAM FOR ZPORTY-SNØFESTIVAL 2006
Her kjem eit tenkt program for Zporty-snøfestival. Me gjer merksam på at det kan bli endringar undervegs.
Me set også stor pris på tilbakemeldingar, og ikkje minst tips. Me vil svært gjerne tilby eit program som flest mulig vil lika, og er positive til innspel.

Frå 20. mars og fram til festivalstart
Nå kan du melda deg på til kursa, sjekka programmet og ellers gjera deg klar til snøfestival. Sjå under påmelding.

Lørdag - 8. april
10.00
Festivalområdet opnar.
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Du kan melda deg på til ulike kurs. Enkelte aktivitetar som snøborgbygging, laga verdas kulaste snømann, trugestafett, rumpebrettkonkurranse, tandemski, snowdiving, skattejakt etc. kan du også melda deg på til/prøva deg på.
Musikk og anna liv og røra vil me også kunna tilby...

Salgsboder
Du vil kunna få kjøpt mat & drikka i tillegg til nesten alt du kan tenkja deg innan sports- og friluftsutstyr. Dette gjeld begge dagane.
Pr. i dag er Sand Sport, Suldal Sportsfiske og Suldal I.L. (grillmat etc.) klar med salgsboder.

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt bestillte billettar, eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få program og liknande.

Alpinbakken
Me vil så godt me kan preparera bakken på aller beste måte, og også prøva å få lagt inn nokre ekstra utfordrande hopp. Og kanskje nokre andre utfordringar...

Skileik og snøleir
Open og klar heile dagane til fri disposisjon.
Mange kjekke aktivitetar, som orgeltramp, minislalom, snøholegraving, hopp og anna.
Me vil laga til ein snøleir, der ein kan eta nista si, varma seg i lavvo og liknande.

12.00
Opningsseremoni
Alle samlast i "bakken" for opningsseremoni. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å få informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje og anna. I tillegg til små innslag som vil visa litt av det me står for og det som skal skje.

12.30
Desse kursa startar nå;

- Telemarkkjøraren (nybegynnerar)
- Snøbrettkongen (nybegynnerar)
- Alpintelskaren (nybegynnerar)
- Skiskøytespesialisten (for alle)

Alle har anledning til å stikka bortom å sjå på alle aktivitetane/kursa. Dette er ein av grunntankane bak snøfestivalen. Slik at alle kan få sjå og forhåpentligvis få lyst til å prøva aktivitetar som dei ikkje er påmeldt til. Eller få tips og inspirasjon til aktivitetar dei er påmeldt til.

Alle kursa varer mellom 1,5 - 2 timar.

12.30
Skattejakt
Me har lagt ut 10 skattar rundt om i alpinbakken. Den eller dei som finn dei får dei. Max 1 til kvar. Møt ved skitrekket og få opplysningane.
Må vera avslutta innan kl. 13.30.

13.00
Jungeltur
Bli med til toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time. Påmelding i forkant. Max 15 stk.

13.00
Snømannbygging
Lag verdas kulaste snømann. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 14.00.
Ein jury vil då avgjera kven som får 1. 2. og 3 premie. Alle andre får 4. plass og også premie. Det er max 5 personar som kan laga ein snømann.
Snømannen må vera minimum 1 meter høg. Bruk dei effaktane du sjølv vil.
Premieutdeling i forkant av stafett på tendemski kl. 15.00.

13.00
Trugestafett.
For alle aldrar. Møt ved skitrekket og prøv deg...

14.00
Rumpebrett-rally

Møt ved skitrekket. Påmelding i forkant. (husk at dette var fullbooka i 2005...)

14.00 - 16.00
Scooterkjøring

Dei yngste og dei eldste kan få leiga seg scooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong. To forskjellige løyper og scooter-storleikar.

15.00
Friskusen
Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
Max 10 stk. pr. tur.

15.00
Hundespann
Bli med på tur med eit hundespann. Møt ved skitrekket. Kr. 30,- pr. person.

15.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).

15.00
Desse kursa startar nå;
- Skismøraren
- Klassiskspesialisten (for alle)
- Telemarkkjøraren (for litt vidarekomne)
- Snøbrettkongen (for litt vidarekomne)
- Alpintelskaren (for litt vidarekomne)

19.00-21.00
After Skiing i kafeen.
For alle som går i 4. 5. 6. og 7 klasse på skulen.
Forhåndssalg av billettar i sekreteriatet under festivalen.
Ta med aldersbevis.
Billettpris kr 50,-

21.00
Avslutning.
Nå må alle sjå til å koma seg i seng, slik at me greier å gjennomføra den neste dagen til minst 18 i stil!

Takk for ein Zporty dag!


Zøndag - 9. april

10.00
Festivalområdet opnar. Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få zporty opplevingar!

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få tildelt program og liknande.

12.00
Skattejakt
Me har lagt ut 10 skattar rundt om i alpinbakken. Den eller dei som finn dei får dei. Møt ved skitrekket og få opplysningane. Max 1 til kvar.
Må vera avslutta innan kl. 13.00.

12.00
Snøborgbygging
Lag verdas kulaste snøborg. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 13.00.
Ein jury vil då avgjera kven som får 1. 2. og 3 premie. Alle andre får 4. plass og også premie. Premiering frå scenen ved skitrekket ca. kl. 16.00.
Det er max 4 personar som kan laga ei snøborg.
Snøborga kan max vera 1 meter høg, og 2 meter brei.
Bruk dei effektane du sjølv ynskjer.

12.00
Desse kursa startar nå;

- Telemarkkjøraren (nybegynnerar)
- Snøbrettkongen (nybegynnerar)
- Alpintelskaren (nybegynnerar)
- Skiskøytespesialisten (for alle)

12.00
Jungeltur
Bli med til toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time.

12.00
Trugestafett.
For alle aldrar. Møt ved skitrekket og prøv deg...

13.00
Slalåmrenn
I alpinbakken. Alle aldersgrupper. Påmelding i forkant.
Fritt fram for absolutt alle! (once in a lifetime...) Max 50 stk.
(Husk at også dette var fullbooka i 2005)

13.00 - 15.00
Scooterkjøring
Dei yngste og dei eldste kan leiga snøscooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong.

14.00
Friskusen
Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
Max 10 stk. pr. tur.

14.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).

14.30
Desse kursa startar nå;
- Skismøraren
- Klassiskspesialisten (for alle)
- Telemarkkjøraren (for litt vidarekomne)
- Snøbrettkongen (for litt vidarekomne)
- Alpintelskaren (for litt vidarekomne)

15.00
Avslutningsshow!
Her får du sjå litt av kva enkelte har gjort og lært. Lær, lek & lev...
I tillegg vil me presentera ulike underhaldningsinnslag. Jessss!!!

Dette showet markerer også slutten på to utrulege dagar, håpar me. Der alle, forhåpentligvis, har inspirert alle. Og den enkelte går heim til sitt med ei zporty oppleving.

Takk for ditt bidrag, og hjerteleg velkommen tilbake i 2007

Tek forbehald om endringar. Og ikkje minst forbehald om været... (men det ordnar seg...)




utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools