hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Snøfestival - 2013
Snøfestival - 2012
Snøfestival - 2011
Bilder
Snøfestival - 2010
Snøfestival - 2009
Snøfestival - 2008
Snøfestival - 2007
Snøfestival - 2006
Snøfestival - 2005
Program - 2005
Om Zporty snøfestival
Kor, når og korleis
Samarbeidspartnerar
Kurs
Overnatting
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold

PROGRAM FOR ZPORTY-SNØFESTIVAL 2005
Her kjem programmet for Zporty-snøfestival. Me gjer merksam på at det kan bli endringar undervegs.
Me set også stor pris på tilbakemeldingar, og ikkje minst tips. Me vil svært gjerne tilby eit program som flest mulig vil lika, og er positive til innspel.

Frå 15. Februar og fram til festivalstart
Nå kan du melda deg på til kursa, sjekka programmet og ellers gjera deg klar til snøfestival.
Sjå under påmelding.

Fredag - 18. mars
18.00 - 21.00
Sekreteriatet vil vera ope frå kl. 18.00 til 21.00. Då kan du melda deg på til kurs og ulike aktivitetar.

Lørdag - 19. mars
09.00
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Du kan melda deg på til ulike kurs (dersom det fortsatt er plassar igjen).
Enkelte aktivitetar som snøborgbygging, laga verdas kulaste snømann, trugestafett, rumpebrettkonkurranse, tandemski etc. kan du også melda deg på til/prøva deg på.
Musikk og anna liv og røra vil me også kunna tilby...

10.00
Festivalområdet opnar.
Skitrekket, matsalg etc. opnar. Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få positive opplevingar!

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt bestillte billettar, eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få program og liknande.

Skileik
Den er open og klar heile dagane til fri disposisjon.
Mange kjekke aktivitetar.
Der vil vera lavvoar med noko tilbehør, der ein kan eta nista si og liknande.

11.00
Opningsseremoni
Alle samlast i "bakken" for opningsseremoni. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å få informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje, viktige opplysningar og anna. I tillegg til små innslag som vil visa litt av det me står for og det som skal skje.

12.00
Lag verdas kulaste snømann
Møt ved skileiken (lavvoane).
Start kl. 12.00 - og snømannen må vera ferdig kl. 13.00.
Ein jury vil då avgjera kven som får 1. 2. og 3 premie. Alle andre får 4. plass og også premie. Premiering frå scenen ved skitrekket ca. kl. 16.00.
Det er max 4 personar som kan laga ein snømann.
Snømannen må vera minimum 1 meter høg.
Bruk dei effaktane du sjølv vil.
Deltakaravgift kr 100,- pr. snømann.

12.00
Desse kursa startar nå;

- Skismøraren
- Klassiskspesialisten (nybegynnerar)
- Telemarkkjøraren (nybegynnerar)
- Snøbrettkongen (nybegynnerar)
- Alpintelskaren (nybegynnerar)
- Skiskøytespesialisten (nybegynnerar)

Alle har anledning til å stikka bortom å sjå på alle aktivitetane/kursa. Dette er ein av grunntankane bak snøfestivalen. Slik at alle kan få sjå og forhåpentligvis få lyst til å prøva aktivitetar som dei ikkje er påmeldt til. Eller få tips og inspirasjon til aktivitetar dei er påmeldt til.

Alle kursa varer mellom 1,5 - 2 timar.

13.00
Trugestafett.
For alle aldrar. Møt ved skitrekket og prøv deg...

14.00
Rumpebrettkonkurranse

Møt ved skitrekket.
Påmelding i forkant.
Ein barnaklasse (opptil 13 år), ein ungdomsklasse (opptil 19 år) og ein vaksenklasse (opptil ...)
Tidtaking.
Premie til alle.

15.00
Oppvisning i snøbrett
I alpinbakken.

16.00
Desse kursa startar nå;
- Skismøraren
- Klassiskspesialisten (for litt vidarekomne)
- Telemarkkjøraren (for litt vidarekomne)
- Snøbrettkongen (for litt vidarekomne)
- Alpintelskaren (for litt vidarekomne)
- Skiskøytespesialisten (for litt vidarekomne)

16.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).


19.00-21.00
After Skiing / diskotek i kafeen.
Discotek for alle som går i 4. 5. 6. og 7 klasse på skulen.
Forhåndssalg av billettar i sekreteriatet under festivalen.
Ta med aldersbevis.
Billettpris kr 50,-

21.00-23.00
After-Skiing / discotek i kafeen.
Discotek for alle som går i 8. klasse og oppover.
Forhåndssalg av billettar i sekreteriatet under festivalen.
Ta med aldersbevis.
Billettpris kr 50,-

23.00
Avslutning.
Nå må alle sjå til å koma seg i seng, slik at me greier å gjennomføra den neste dagen til minst 18 i stil!

Takk for ein Zporty dag!


Søndag - 20. mars

09.00
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Du kan melda deg på til ulike aktivitetar og kurs.

10.00
Festivalområdet opnar.
Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få zporty opplevingar!

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få tildelt program og liknande.

11.00
Lag verdas kulaste snøborg
Møt ved skileiken (lavvoane).
Start kl. 11.00 - og må vera ferdig kl. 12.00.
Ein jury vil då avgjera kven som får 1. 2. og 3 premie. Alle andre får 4. plass og også premie. Premiering frå scenen ved skitrekket ca. kl. 16.00.
Det er max 4 personar som kan laga ei snøborg.
Snøborga kan max vera 1 meter høg, og 2 meter brei.
Bruk dei effektane du sjølv ynskjer.
Deltakaravgift kr 100,- pr. snøborg.

11.00
Desse kursa startar nå;

(som lørdagen)

12.00
Trugestafett.
For alle aldrar. Møt ved skitrekket og prøv deg...

13.00
Slalåmrenn
I alpinbakken.
Alle aldersgrupper. Påmelding i forkant.
Fritt fram for absolutt alle! (once in a lifetime...)

14.00
Desse aktivitetane starte nå;
(som lørdagen)

14.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).

15.00
Avslutningsshow!
Her får du sjå litt av kva enkelte har gjort og lært. Lær, lek & lev...
I tillegg vil me presentera ulike underhaldningsinnslag. Jessss!!!

Dette showet markerer også slutten på to utrulege dagar, håpar me. Der alle, forhåpentligvis, har inspirert alle. Og den enkelte går heim til sitt med ei zporty oppleving.

Takk for ditt bidrag, og hjerteleg velkommen tilbake i 2006




utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools