hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Snøfestival - 2013
Snøfestival - 2012
Snøfestival - 2011
Bilder
Snøfestival - 2010
Snøfestival - 2009
Snøfestival - 2008
Snøfestival - 2007
Program 2007
Snøfestival - 2006
Snøfestival - 2005
Om Zporty snøfestival
Kor, når og korleis
Samarbeidspartnerar
Kurs
Overnatting
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold


PROGRAM FOR ZPORTY-SNØFESTIVAL 2007
Her kjem programmet for Zporty-snøfestival på Gullingen i Suldal Kommune. Me gjer merksam på at det kan bli endringar undervegs.
Me set også stor pris på tilbakemeldingar, og ikkje minst tips. Me vil svært gjerne tilby eit program som flest mulig vil lika, og er positive til innspel.

Påmelding
Du kan og bør melda deg på til kursa i forkant ved å senda e-post til frank@zporty.no (fram til og med onsdagen før), eller sms/telefon til frank på 92238351. Men du kan også møta opp litt i forkant og satsa på at det er ledig.
Til alle andre aktivitetar så er det berre å møta opp i sekreteriatet som er på festivalområdet på Gullingen skitrekk.

Frå 10. mars og fram til festivalstart
Nå kan du melda deg på til kursa, sjekka programmet og ellers gjera deg klar til snøfestival.

Lørdag - 31. mars
10.00
Festivalområdet opnar.
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Du kan melda deg på til ulike kurs. Enkelte aktivitetar som snøborgbygging, laga verdas kulaste snøborg, rumpebrettrally, tandemski, jungeltur skattejakt etc. kan du også melda deg på til/prøva deg på.
Musikk og anna liv og røra vil me også kunna tilby...

Salg
Du vil kunna få kjøpt mat & drikka i tillegg til ulike produkter innan sports- og friluftsutstyr. Dette gjeld begge dagane.
Pr. i dag er Suldal Sportsfiske klar med salgsbod for sportsutstyr og Møgedal med 4-hjulingar og scooterar etc..

Registrering/billettar
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt bestillte billettar, eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få program og liknande.
Billettprisen er kr 100,- pr. familie pr. dag. Då kan alle i familien delta på det dei vil, så langt det er plass. Med unntak av scooterkjøring.
Heiskort i alpinbakken kjem i tillegg.

Alpinbakken
Me vil så godt me kan preparera bakken på aller beste måte, og også prøva å få lagt inn nokre ekstra utfordrande hopp. Og kanskje nokre andre kjekke saker...

Skileik og snøleir
Open og klar heile dagane til fri disposisjon.
Mange kjekke aktivitetar, som orgeltramp, minislalom, snøholegraving, hopp og anna.
Me vil laga til ein snøleir, der ein kan eta nista si, varma seg i lavvo og liknande.

12.00
Opning
Alle samlast i "bakken" for opning. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å få informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje og anna. Nå er me igong!

12.30
Skattejakt
Me har lagt ut 10 skattar rundt om i alpinbakken. Den eller dei som finn dei får dei. Max 1 til kvar. Møt ved skitrekket og få opplysningane og eit deltakarbevis.
Må vera avslutta innan kl. 14.00.

13.00
Jungeltur
Bli med opp mot toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time. Påmelding i forkant. Max 15 stk.

13.00
Snøborgbygging
Lag verdas kulaste snøborg. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 13.00.
Premiering frå scenen ved skitrekket ca. kl. 16.00. Det er max 5 personar som kan laga ei snøborg. Bruk dei effektane du sjølv ynskjer.

14.00
Rumpebrett-rally

Møt ved skitrekket. Påmelding i forkant.

14.00 - 16.00
Scooterkjøring

Dei yngste og dei eldste kan få leiga seg scooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong.

15.00
Friskusen
Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
Max 10 stk. pr. tur.

15.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).

12.00 15.00 Begge dagar
- Lassokasting. Med ekte lasso som samane brukar for å fanga reinsdyra.
- Snøballkasting på blink (4 av 5 gir premie)

Takk for ein Zporty dag!


Zøndag - 1. april

10.00
Festivalområdet opnar. Salg av billettar og påmelding til aktivitetar og kurs.
Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få zporty opplevingar!

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt eller kjøpa billettar til aktivitetane og kursa, få tildelt program og liknande.

11.00
Jungeltur
Bli med til toppen av trekket. For å koma ned igjen stuper og vassar me gjennom dei skummlaste plassane. Dei under 8 år må ha ein vaksen med seg. Turen tek ca. 1 time.

12.00
Skattejakt
Me har lagt ut 10 skattar rundt om i alpinbakken. Den eller dei som finn dei får dei. Møt ved skitrekket og få opplysningane og deltakarbevis. Max 1 til kvar.
Må vera avslutta innan kl. 13.30.

12.00
Kvitebjørn-bygging
Lag verdas kulaste Kvitebjørn (Isbjørn). Som i historia til Løland. Dette er ein del av Suldal si satsing på Løland-prosjektet. Møt ved skitrekket. Må vera ferdig kl. 14.00.
Det er max 5 personar som kan laga ein Kvitebjørn. Bruk dei effaktane du sjølv vil.
Premieutdeling til alle så snart me er klare etter kl. 13.00.

12.00
Desse kursa startar nå;

- Telemarkkjøraren (for alle)
- Snøbrettkongen (for alle)
- Alpintelskaren (for alle)
- Skiskøytespesialisten (for alle)
- Skismøraren (for alle)

Kursa kan bli avlyst dersom det ikkje blir nok påmelding. Derfor vil me sterkt oppfordra alle til å melda seg på i forkant. Gjerne dagen før. Ring eller send sms til 92238351.

12.00
Kjerringslepet
Kven greier å dra ei "kjerring" fortast ein viss distanse med eit litt uvanleg framkomstmiddel...

13.00
Slalåmrenn
I alpinbakken. Alle aldersgrupper. Påmelding i forkant. Klasseinndelingane blir opptil 10 år, 10 til 13 og fra 14 og oppover. (Husk at også dette var fullbooka i fjor)

13.00 - 15.00
Scooterkjøring
Dei yngste og dei eldste kan leiga snøscooter. Ved skitrekket. Kr 30,- pr. gong.

14.00
Friskusen
Me tek heisen til toppen av bakken, og utfordrar oss sjølv og naturen på vegen ned igjen. Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
Max 10 stk. pr. tur.

14.00
Stafett på tandemski.

For alle aldrar. Ta sjangsen... Møt i skileiken.
Kvart ski-par har plass til 4 personar, så still med eige lag. Kanskje du også kan finna eit motstandarlag? Husk å ta med eigne stavar og vanlege skisko (ikkje slalomsko).

14.30
Snøtryne
Kast snøball på ein som stikk hovudet sitt fram... Den som treff får premie!

15.00
Avslutningsshow!
Her får du sjå litt av kva enkelte har gjort og lært. Lær, lek & lev...
I tillegg vil me presentera ulike underhaldningsinnslag. Jessss!!!

Dette showet markerer også slutten på to utrulege dagar, håpar me. Der alle, forhåpentligvis, har inspirert alle. Og den enkelte går heim til sitt med ei zporty oppleving.

Takk for ditt bidrag, og hjerteleg velkommen tilbake i 2008

Tek forbehald om endringar. Og ikkje minst forbehald om været...
(men det ordnar seg...)


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools