hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Om opplevingane
Reiser
Uteaktivitetar
Inneaktivitetar
Foredrag
Budskapsformidling
Med livet som innsats!
Ski- og snøforhold

foredraget -

Om det å formidla budskap!

- noko alle, ja også du og eg, må vera gode på…

 

Formål

Eit foredrag som skal resultera i at den enkelte blir betre på å formidla budskap!

Alle bedrifter, lag- og foreningar etc. meiner dei har noko godt å tilby. Enten i form av produkter, tjenester eller liknande. Men korleis få det fram… Og i tillegg få det fram på ein slik måte, til den rette målgruppa, at me oppnår det me ynskjer.

 

Her har du nokre emne som foredraget fokuserer på;

 

Om det å formidla budskap…

Alle blir me utsatt for 3000 inntrykk (budskapsformidlingar) pr. dag. Svært mange vil fortelja nettopp oss eit eller anna. Kva skal me gjera for å nå fram, når me har eit budskap me vil formidla?

Dette foredraget vil vera innom ulike måtar å formidla budskap på.

Som for eksempel;

  • Har det nokon betydning korleis me tar telefonen
  • Har det noko å bety korleis me ter og kler oss
  • Har det noko å sei korleis me snakkar
  • Skal me senda e-post eller brev
  • Korleis få mottakaren til å opna nettopp vår konvolutt med interesse
  • Korleis byggja ei sterk merkevare
  • Korleis få heile laget til å formidla det same budskapet
  • Får enkelte betre betalt for det same produktet, berre ved å formidla budskapet annleis?
  • Kva budskap er det eigentleg me skal formidla, til kven og kvifor…?
  • Korleis få mottakaren til å lesa den informasjonen me sender
    kort og godt; - korleis formidla budskapet, til dei me ynskjer, på ein slik måte at me oppnår det me ynskjer… Dette MÅ absolutt alle bli gode på!

Dette var nokre hovedpunkter i foredraget.

 

Evaluering

Alle deltakerane vil få utdelt eit evalueringsskjema til bruk i etterkant.

 

Foredragshaldar

  • Frank Robert Abelseth, født 20.06.60 i Ålesund.
  • Bur i Sandeid i saman med Hilde og ungane Simon, Henny og Mathias.
  • Utdanning innan markedsføring, og har c-trenar utdanning i fotball.
  • Har levd i fem år av å reisa rundt å spela til dans, konsertar, barnashow, familieshow og anna. Har ca. 2.500 offentlige opptredenar.
  • Kåra som årets forballtrenar på Haugalandet i 1999. Då mest pga. arbeidet med bevisstgjering av lagbygging og jobbing med å utvikla den enkelte til å bli best mulig på det den enkelte har anlegg for.
  • Kåra tre år på rad til beste foredragshaldar av 6-9 foredragsholderar på eit større seminar.
  • Initiativtakar og arrangør av zporty-festivalen. (for barn og ungdom)
  • Bygd opp landets størte grafiske kjede, A1 Grafisk Nettverk as. Som nå er kjøpt av svenke Prinfo Scandinavia AB.
  • Svært engasjert i barn og ungdom. Utallige turar i skog og mark, treningsleirar, snøaktivitetar, barnaunderhaldning og mykje anna.
  • Sterk fokus og prioritering av prioritering av tid. Svært direkte og ærlige.

Kostnad

Vår pris inkl. førebuing, gjennomføring og hefter er kr 150,- pr. person. Med ein minimumspris på kr 6.000,-.

 

Sluttord

Me i Zporty har ein parole som heiter ”Lær, lek & lev!” Alle skal læra noko, leika og alle skal få ei god føling med det å leva. Og det skal det bli!

 

 

Med venleg helsing

Zporty – Boks 190 – 5580 Ølen

Frank Robert Abelseth

Budskapsformidlar

922-38351

 

 



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools