hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Om opplevingane
Reiser
Uteaktivitetar
Snøen for alle
Jungeltur i Vikedalselvå
Kanotur i Vikedalselvå
Inneaktivitetar
Foredrag
Ski- og snøforhold

                                   Snøen for alle!

- korleis bruka snøen til ”det gode liv”…



SNØAKTIVITETAR.

Med miniski, truger, tandemski og rompebrett som redskap for lagbygging og trivsel.


Slik ser me føre oss denne seansen;

Foredrag om zporty-kulturen.

Før avreise. Opptil 20 min. Dette foredraget vil byggja rundt zporty-kulturen, som forhåpentligvis vil gi deltakerane nokre småtips om korleis dei kan utnytta naturen og snøen, også når dei kjem heim frå denne turen. Det er svært viktig for oss at turen til Sand og Gullingen gir dei noko også på sikt.

Under denne samlinga vil me også foreslå å dela gruppa inn i grupper a max 20 personar. Dette kan vera greit å få gjort inne, då det kan bli vanskeleg ute i vær og vind. Viktig at dei er forberedt og klar.

 

Aktivitetar

Aktivitetane vil bli miniski, truger, rumpebrett og tandemski. Gruppene skal konkurrera mot kvarandre. Alt blir lagt opp slik at alle prøver minst ein aktivitet. Andre aktivitetar kan leggast inn og evt. byttast alt etter avtale med den enkelte.

 

Finalerunde

Dei som skal representera si gruppa vil konkurrera mot dei andre gruppene i ein finalerunde. Alle gruppene vil altså få ei plassering.

 

Premiering

Alle deltakerane vil bli premiert.

 

Servering

Det kan bli servert solbærtoddy til alle. I tillegg kan premiane vera bittelitt å bita i.

 

Mannskap

Me stiller med 1 leiar til kvar gruppe, i tillegg til ein hovedansvarleg/toastmaster.

 

Tidsforbruk

Me ser for oss ca. 2 timar totalt tidsforbruk i snøen.

 

Firmagåver

Me kan tilby rumpebrett med logopåtrykk frå den aktuelle bedrifta til kr 30,- + mva. pr. stk. Då kan alle få dette med seg heim som eit minne og til bruk på heimebane. Det dei har lært må sjølvsagt lærast vidare…

 

Kostnad

Vår pris inkl. førebuing, gjennomføring, lån av utstyr, premiar, drikka, preparering er kr 385,- pr. person. Minimumskostnad kr 6.000,-. Ved grupper som er større enn 40 stk., be om pristilbud. Det kjem ingen moms i tillegg.

 

Me i Zporty har ein parole som heiter ”Lær, lek & lev!” Dei skal læra noko, dei skal leika og dei skal ei god føling med det å leva. Den gode følelsen.

 

 

 

Med venleg helsing

Zporty

Frank Robert Abelseth

Livsnytar

922-38351

 

 

 



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools