hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Om opplevingane
Reiser
Uteaktivitetar
Inneaktivitetar
Seminar-cupen
Syng og vær glad!
Aerobic-trening og helsa
Har det på tungå!
The very low - budget show!
Foredrag
Ski- og snøforhold

Seminar-Cupen!

- fotballturneringa der alle vinn, og nokon forsvinn…

 

Formål

Bli kjent, tørra å vera seg sjølv, få trening og treningstips og rett og slett å ha det kjekt!


Slik ser me føre oss denne seansen;

Ein liten prat om formålet…

Først startar me med ein liten prat om det me skal igjennom. Om detta med trening og fysisk aktivitet. Kva kan dette ha å bety for den enkelte og dei som er rundt oss. Og litt om ulike spelesystem. Korleis utnytta dei spelerane me har, slik at laget blir best mulig. Ingen enkeltspelerar er viktigare enn laget! Og ikkje minst så kan kanskje dette overførast til bedrifta…

 

Organisering

  • Først vil deltakerane bli delt inn i lag. Med opptil 6 spelerar på kvart lag. Fordelt på beste måte.
  • Så vil me ta ein liten prat om det me skal igjennom, og om betydningen av trening og fysisk aktivitet.
  • Ein vil så gå igjennom ei lita økt om korleis ein bør prøva å utnytta dei spelerane ein har på beste måte, slik at alle kan bidra med det beste dei har, for å få eit best mulig lag.
  • Så går laga kvar til sitt, der dei vel spelesystem, finn navn og legg opp taktikken.
  • Så blir det gjennomført ei felles oppvarmingsøkt.
  • Så kjem trekningen. Kven skal møte kven først og sist. Det vil bli laga puljer alt etter kor mange lag som er med. Meininga er at alle laga skal få spela minimum to kampar a 7 minutt.
  • Etter puljespelet vil det bli finale. Og kanskje bronsefinale.

Så går den enkelte i dusjen, fylt av fysisk og psykisk velvære. Målsetjinga er at denne økta, og forhåpentligvis framtidige økter, skal redusera både sykefråværet og psykefråværet… Som kanskje er det største fråværet av alle.

 

Forarbeid

Ingen spesielle forarbeid. Men tips mottas med takk av dei som skal ha aktiviteten.

 

Premiering

Alle får eit aldri så lite hefte med små treningstips, både for det fysiska og det psykiska.

 

Mannskap

Me stiller med ein hovedansvarleg/konferansier.

 

Tidsforbruk

Me ser for oss opptil 2 timar totalt tidsforbruk. Eller mindre dersom det blir få lag.

Erfaring

At ei bedrift kan tilby og stimulera sine medarbeiderar til fysisk aktivitet blir alltid godt mottatt. Ein blir også kjent på ein annan og positiv måte når ein gjer slike aktivitetar i lag.

 

Utstyr
Me held det som skal til. Deltakerane held personleg utstyr som sko utan svart sole, leggskinn og handkle.

 

Kostnad

Vår pris inkl. førebuing, gjennomføring, lån av utstyr og hefte er kr 100,- pr. person. Med ein minimumspris på kr 2.500,-. Inkl. leige av idrettshall og utstyr. Det kjem ingen moms i tillegg.

 

Sluttord

Me i Zporty har ein parole som heiter ”Lær, lek & lev!” Alle skal læra noko, leika og alle skal få ei god føling med det å leva. Og det skal det bli!

 

Ta sjangsen – seminarcupen er ikkje som andre cupar…

 

 

 

Med venleg helsing

Zporty – Boks 190 – 5580 Ølen

Frank Robert Abelseth

Livsnytar

922-38351

 

 

 



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools