hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Program 2011
Program 2010
Program 2009
Program 2008
Treningstips
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
Hjertelig velkommen til Zporty-fotballskule! Fotballskulen som tek seg tid til å prioritera viktige element innan fotball. Først og fremst med fokus på å utvikla den enkelte spelar, men også i saman med andre. Dette er fotballskulen for dei som vil litt xtra!

Så er me klare med ein ny runde med Zporty Fotballskule.
I fleire år har eg, etter mi meining, sett behovet for ein fotballskule for dei som vil litt ekstra. Med tid til å jobba med nokre få viktige momenter. Som finter, 1. forsvarar, avslutningstaktikk, vending i mottak, løpsvariantar, teknisk trening osv. Det vil kvar helg vera ulike ”gjester”, som skal styrkja det temaet som me har. Det blir eit tema pr. helg. Alle trenerar er velkomne til å kikka på. Og for dei som vil; - hjelpa til.

Sandeid Kunstgrasbane

√ 20-21 og 26-27 november + 11-12 og 18-19 desember 2009
Fredagane kl 17.00 - 19.30 og laurdagane kl 10.00 - 12.30
4 ulike tema. I hovedsak praksis, men også noko teori.
Alder - født i 94-95-96 og 97 (både kvinnelige og herrlige)
Påmelding innan 10. nov. Ring eller send sms til 922 38 351.
Hovedansvarleg - Frank Robert Abelseth
Begrensa antal deltakarar. Kr 950,- pr. person.
Tek atterhald om endringar.

Husk gode og nok klær - og ikkje minst drikkeflaska.

Enkel servering er inkludert.

Første treninga vil det bli gitt informasjon til foreldre og evt. andre som ynskjer det.

Alle trenerar er velkomne til å kikka på/delta.

I samarbeid med Vindafjord Idrettslag.
(Dei som er medlem av V.I.L. betaler kr. 800,-)

Hjertelig velkomne!

(2008 vart fullbooka med 20 spelerar. Kjempegode tilbakemeldingar, og hjertelig takk til alle som deltok)



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools