hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Bilder
Festivalen 2010
Program 2010
Festivalen 2009
Festivalen 2008
Festivalen 2007
Festivalen 2006
Festivalen 2005
Tanken bak
Aktivitetar
Småtips
Samarbeidspartnerar
Popstjernå
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold


PROGRAMMET FOR ZPORTY-FESTIVALEN - 2010

I Vikedal som ligg idyllisk til i Vindafjord Kommune. 6 mil inn i landet frå Haugesund. Og heller ikkje meir enn drøye 2 timar frå Stavanger. Og berre eit drøyt flyndrekast frå London og Paris... (for du må nemleg til Vikedal for å finna ein slik festival!)

Påmelding
Me vil anbefala påmelding i forkant. For enkelte aktivitetar blir nok utsolgt før festivalen opnar. Det kan du gjera ved å senda sms eller ringa til 93249811 frå og med 5. juli, då programmet skal vera endeleg. Sekreteriatet opnar i festivalteltet dagen før, som du vil sjå av programmet.


Mandag 12. juli

10.00 - 17.00
Salg av billettar og påmelding til aktivitetar.
Det blir full aktivitet på festivalområdet fra nå av. Du kan kjøpa billettar, festivalpass, melda deg på til ulike aktivitetar osv. Enkelte aktivitetar som tautrekking, dart, hestaskokasting kan du også prøva deg på. Musikk og ellers litt liv og røra...

(klikk her for å sjå programmet. Aktivitetane er på siste side)


Tirsdag 13. juli

10.00
Festivalområdet opnar.
Festivalteltet, salgsboder etc. opnar. Musikken dundrar, folk beveger kroppen i ulike retningar, latteren sit laust, spenninga over det "du" skal vera med på er påtrengjande... Du er innstillt på å yta ditt aller besta, også for at andre skal få positive opplevingar!

Servering
Me vil alle dagane selja både varmmat, drikka, brus og anna "snadder". Fint om du gjer også det hos oss.

Registrering.
Alle må innom sekreteriatet for å få tildelt eller kjøpa festivalpass, billettar til aktivitetane, få tildelt program og liknande.

11.00
Opningsseremoni
Alle som vil samlast i festivalteltet for opningsseremoni. Her vil alle bli ynskt velkommen, i tillegg til å bli gitt informasjon om tanken bak festivalen, zporty-kulturen, kva som skal skje, viktige opplysningar og anna. I tillegg til små innslag som vil visa litt av det me står for og det som skal skje.

12.00 (+) og kl. 15.00
Ulike aktivitetar startar nå; (sjekk pdf`en lengre oppe på sida)




Og etter alle aktivitetane er det godt med eit bad...

19.00 - 21.00
Discotek
Discotek for alle fra 1. til 4. klasse på bygdahuset. Bill. kr 50,-.

21.00 - 23.00
Diskotek
Diskotek for dei fra 5. klasse og oppover på bygdahuset. Bill. kr 50,-.

Arrangør - Vikedal Ungdomslag

Takk for ein Zporty dag!

Onsdag 14. juli

10.00
Festivalområdet opnar.
Festivalteltet, salgsboder etc. opnar. Du har hovudet fullt av zporty inntrykk frå dagen før, og er klar som eit egg. Alle sansane er opne, og du har oppdaga at du er ein livsnytar på 1. klasse!

11.00 (+) og kl. 15.00
Ulike aktivitetar startar nå; (sjekk pdf`en av programmet)


Alle har anledning til å stikka innom å sjå på alle aktivitetane. Dette er ein av grunntankane bak festivalen. Slik at alle kan få sjå og forhåpentligvis få lyst til å prøva aktivitetar seinare som dei ikkje er påmeldt til. Eller å få tips og inspirasjon til aktivitetar dei er påmeldt til.

Avslutning
Nå er det slutt for i dag. Gå stillt og roleg heim. Det å ta hensyn til andre er heilt klart noko av det viktigaste i Zporty-kulturen.

Takk for endå ein Zporty dag!

Torsdag 15. juli

10.00
Festivalområdet opnar.
Festivalteltet, salgsboder etc. opnar. Du er litt trøtte i trynet, og litt stiv og støl i enkelte kroppsdeler. Men, den gode stemninga pregar heile deg. Du har bidratt og du har fått. I bøtter og spann. Nå skal det siste som er igjen av zporty innstill ut! For så å brukast seinare i livet, til ein endå meir zporty livsstil!

11.00 (+) og kl. 15.00
Ulike aktivitetar startar nå; (sjekk pdf`en lengre oppe på sida)


20.00 (til ca. 22.00)
Avslutningsshow! (familieshow!)
I festivalteltet. Show-show-show!



Det pleier å vera fullt hus og mildt sagt stormande jubel i teltet under avslutningsshowet. Bli ein av dei du også!

Me vil prøva å laga til eit heidundrande avslutningsshow også dette året.
Me kan tilby følgjande;
- Innslag frå alle aktivitetane.
- Danseoppvisningar
- Allsong
- Abblegøyer
- Konkurransar
- Kjempestemning
- Ulike premieutdelingar
- Mykje lått å løye (håpar me)

Dette er eit show for heile familien. Her skal alle få eit innblikk i kva som har skjedd i løpet av festivalen, og mykje underholdning.
Her er det alltid kjempestemning! Bli med du også!
Showet kostar kr 150,- for alle.

Dette showet markerer også slutten på tre utrulege dagar, håpar me, der alle har inspirert alle, og den enkelte går heim til sitt med ei endå meir zporty innstilling.

Tek forbehold om endringar og feil i programmet.

Takk for ditt bidrag, og hjerteleg velkommen tilbake i 2011!



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools