hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Bilder
Bilder frå 2009
Frå aktivitetane
Frå ulike show
Frå det 1. året-2004
Festivalen 2010
Festivalen 2009
Festivalen 2008
Festivalen 2007
Festivalen 2006
Festivalen 2005
Tanken bak
Aktivitetar
Småtips
Samarbeidspartnerar
Popstjernå
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
Her er nokre bilete frå den første festivalen. Tekne av Sivert Ole Holten. Som også har vore viktig medspelar i alle år for å til festivalen. Så takk også til han. Håpar bildene fell i smak, og gir gode minner...





Noko av det første me måtte gjera etter å satt opp programmet var å få laga til pressebilde og pressemelding. For publikum måtte jo få vita om dette. Sivert Ole Holten var ansvarlig for det. Så fekk me andre gjera så godt me kunne...



Og her er andre aktørar som må til for å skapa interessante bilder for pressa. For å få folk til å få interesse, må først pressa få det. Og me var heldige som fant desse...



Dei første åra arrangerte me Popstjerå. Og her har me gjengen som stillte til audition i Vikedal. Totalt stillte ca 50 til audition. Men det var for mykje å arrangera i tillegg til festivalen.



Her er juryen i Vikedal. Og i tillegg til deltakar Ida Tokheim. Ikkje berre berre detta...



Å kurrera eigen nervøsitet med å lytta på dei andre kunne vera vellukka. Eller ikkje...

Plakatar måtte me også laga. Og her er den første. Ikkje lett å få med mykje info, og at folk som les i tillegg skulle forstå kva dette var, og få lyst til å delta.



Haugesunds Avis på veg over Vikedalselva. Dei ville ha sine eigen pressebilde, i dette tilfellet frå jungelturen.



Vikedalselva er mykje i bruk til ulike aktivitetar under festivalen. Saga er nå restaurert til leiligheter.

Knut Bjarne og Reinhardt riggar lyd. Dei har vore med alle dei 5 første åra og er viktige.



Bandet til Mari Vestbø opptrådde fleire gonger under den første festivalen. Stiligt!

Mykje folk og god stemning under semifinalen for Popstjernå. Mange zporty ungdommar!



Her er det offisiell opning. Kommunen har alltid vore positive og behjelplige. Og her er også nokre av dei gode hjelperane. Dei representerte ungdommens røde kors. Kuult!



Her er det påmelding. Her frå det første året har det vore god påmelding. Så takk til alle!



Her får deltakerane frå Kajakkpadlaren instruksjon frå sjølvaste Fjeldheim. Far til verdensmesteren, som representerte Tysvær Kajakklubb. Flott gjort!



Frå sekreteriatområdet. Ulike utstillingar som viser litt om aktivitetane. Mange har bidratt.



Det er salg av ulike matrettar etc. Og her tek nokre lunsjen sin "hos oss". Håpar det smakte...



Gode instruktørar er avgjerande. Her er det Atle Aas frå Etne som instruerer i Kanopadling før "avgang".



Her er dei fleste på elva. Litt småpadling før me prøver oss på stryka er viktig. Fantastiske padleforhold i Vikedalselva.



Mange musikantar og orkester har opptrådd under festivalane. Og her er det ein gjeng frå Vikedal som er i aksjon.



Her er eit orkester frå Karmøy. Som alltid har mange gode ungdomsband.



Her er bandet til Mari Vestbø i aksjon igjen. Fira dyktige og friske jenter frå Vikedal og Sandeid.



Her er orkesteret Bikkjå frå Haugesund. Med svært profilerte og omtalte Menzoni som vokalist. Ingen tvil om at dei skapte furore. Men det er ein bevisst og fin gjeng.



Alle kan prøva seg på mykje dei har hatt lyst til under festivalen. Her er det Daniel Holten som meistrar einhjulssykkel.



Her er gjengen som deltok på driblefanter. Tor Martin Hegrenes er instruktøren til høgre, og spelerar frå FKH stillte velvillig opp.



Her får ein gjeng instruksjon i flugefiske. Håpar dei har fått mange flotte opplevingar i ettertid.



Her er det Monica Sæverud som instruerer i Streetdans. Stiligt at alle kan sjå på ulike aktivitetar mens dei pågår. Håpar mange av dei også blir inspirert.



Pressa har alltid vist stor interesse for Zporty-festivalen. Her er det Radio 102 som har direktesending.



Her blir nokre av Popstjernene intervjua. Så får dei litt erfaring også med det.



Her er fleire generasjonar deltakerar på Kunstmalaren. Leia av Jan Terje Rafdal. Dette er tydeleg fengande og interessant.



Her er det show. Mange spente deltakerar og publikum. Me har alltid hatt eit fantastisk publikum. Alle som opptrer er imponert. Kjempestemning! Kjempetakk frå oss!



Frøken Isaksen fra Vikedal deltok med stor entusiasme. Det er godt og zporty gjort!



Odin Staveland band var på plass og gjorde ein flott figur. Mange festivaldeltakerar har også gjort det godt seinare. Og det er stor stas for oss!



Bjørnefot må pyntast til fest. Og det er ikkje berre berre... Men med god hjelp går det bra.



Rullebrett har me også hatt som aktivitet. Og dette utstyret kunne også brukast til andre ting.



Her er ein gjeng på veg til Jungeltur. Men først litt instruksjon frå Jungelførar Rune Vestbø.



Her nærmar me oss jungelen. Så nå må me fylgja ekstra godt med.



Joda. Bjørnefot og andre indianerar er på vakt og passar på at naturen blir ivaretatt.



Go-cart er alltid populært. Og viktig å få læra litt om respekt i trafikken.



Hestridning er kjekt. Og hos oss lærar dei litt om både å ri og om hest.



Her er det showtime. Og godt vakthold må me ha. Sjølv om det går svært bra.



Mange flinke ungdommar som driv med ulike aktivitetar. Og hos oss er det plass til alle.



Her kjem Popstjernene inn i "leikarring". Ulike erfaring gir endå meir ballast.



Monica Haugan fekk Popstjernene med ser på mykje "rart" og interessant.



Og her er det Streetdanserane som opptrer under showet. Stappfullt hus og nok litt skummelt.



Og så var det Breakerane sin tur. Kjempetøfft var det og det skapte stor beundring og stemning.



Publikum kan me ikkje skryta nok av. Dei som opptrer får seg ei oppleving for livet!



Hjertelig takk til Breakdans- gjengen. Teltet kunne lett ha løfta seg under deira opptreden.



Ulike personar hadde ein stor og viktig jobb med å telja stemmer under kåringa av Popstjernå.



Og her har me Popstjerner frå Vats. Kanskje tek dei verda med storm?



Joakim Rønnevik i full drive opp gjennom publikum. Kjempereklame for den aktiviteten. Takk!



Stort oppmøte har me alltid hatt. Og som du ser også det første året! Takk igjen til alle!!!



Dyktige folk i juryar er viktig. Og her har du dei som skulle kåra den første Popstjernå.



Og her ventar finalistane spent på utfallet...



Også publikum er spente. Og fleire har sine eigne heiagjengar. Ungdommane i publikum har alltid bidratt svært positivt.



Og her får vinnar Mari Vestbø sjekken på 5.000,- fra Vindafjord Kommune. Her representert ved Eva Kalstveit.



Og her avsluttar vinnaren den første Zporty-festivalen i 2004 med eit ekstranummer. Og har fått mange nye beundrerar. Og kanskje har ho og dei andre inspirert andre ungdommar til å prøva seg på "sin draum...". For det er det Zporty-festivalen handlar om!



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools