hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Bilder
Festivalen 2010
Festivalen 2009
Festivalen 2008
Festivalen 2007
Festivalen 2006
Festivalen 2005
Tanken bak
Aktivitetar
Småtips
Samarbeidspartnerar
Popstjernå
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold

TANKEN BAK ZPORTY-FESTIVALEN
Tanken bak Zporty-festivalen er at folk i alle aldrar skal få prøva seg på ein god del aktivitetar, i tillegg til mykje sosialt.  Vår parole er - Lær, lek & lev!

Med det meiner vi;
Lær - alle skal læra noko når dei deltar på aktivitetar under zporty sine arrangement.
Lek - alle arrangement skal inneholda elementer av lek.
Lev - alle skal kunna få augene endå meir opp for kva livet faktisk har å tilby. Men, me må også sjølv gjera noko for å forsyna oss av alle godane, og ikkje minst bidra til at andre også oppdagar "livet"...

Initiativtakerane har sjølv vore med på mykje. Fotball, musikk, bilsport, ski, song, revy, konsertar, cowboy og indianer, kanoturar, fisking, kajakkpadling og mykje anna. Me er nå litt oppi åra, og det me sit igjen med er at mange av desse aktivitetane kunne me godt tenkt å blitt kjent med tidligare. Og ikkje minst lært nokre grunnleggande triks som heilt sikkert hadde resultert i at me hadde fått den aktuelle aktiviteten endå betre til, og dermed så hadde det blitt endå kjekkare. Tenk berre kor kjekt det er å gå på ski når du har truffe med smurningen...

Zporty sine arrangement skal gi dei som deltar sjangsen til å få prøva ulike aktivitetar. Og i tillegg få læring for å dette til på beste måte. Alle som er med kan også sjå på dei andre aktivitetane, og dermed få innblikk i andre aktivitetar.
I tillegg vil det bli ulike demonstrasjonar av aktivitetar, discotek, konsertar, foredrag og ulike konkurransar.

Eit viktig element er også Zporty-kulturen. Den er svært viktig for festivalen, og den kan du lesa om ved å trykka deg inn på zporty-kulturen.

Hjerteleg velkommen til Zporty-festivalen og andre arrangement i regi av zporty.

Helsing Frank Robert Abelseth, Sivert Ole Holten og alle dei lag og foreningar i tillegg til enkeltpersonar som vil gjera sitt ytterste for at dette skal bli vellykka!


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools