hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Bilder
Festivalen 2010
Festivalen 2009
Festivalen 2008
Festivalen 2007
Festivalen 2006
Festivalen 2005
Tanken bak
Aktivitetar
Småtips
Samarbeidspartnerar
Samarbeidspartnerar
Popstjernå
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
For at det skal vera mogleg å arrangera denne festivalen, treng me samarbeidspartnerar. På mange ulike områder. Mange lag og foreiningar, i tillegg til enkeltpersonar. Me vil her nevna dei som bidrar på sponsorsida. Altså som går inn med penger, i byte med ulike produkter, annonser og liknande.

Det er svært viktig for oss at kvar enkelt av oss legg oss på minne kven dette er, og gjer vårt beste for å benytta dei, så ofte me kan. Utan dei, så blir det ingen Zporty-festival. Sånn er det bare med den saken...


Vindafjord Kommune

Dei ser svært positivt på dette, og har bidratt for at me skal få dette til. Det viser at Vindafjord Kommune tek ungdommen på alvor, og gjerne vil at dei også skal trivast i kommunen.

Sparebank 1 - SR-Bank
Flott at Sparebank 1 ser verdien av å støtta zporty ungdom. Det har dei gjort lenge, og bidrar til svært mange. Det er herved registrert og blir verdsatt...

Toraneset
Dei støtte ungdommen! Og til takk håpe dei at me kan bidra til å ikkje forsøpla. Å det greier jo me som er zporty.

Fjetland Sag & Pallefabrikk
Ser svært positivt på dette, og sel gjerne ulike trematrialer til dei som treng det.

Tveit Regnskap
Vil svært gjerne bidra til at barn- og ungdom trivest i bygdane våre.

Helgelands Musikk
Har alt det ungdom treng for å bli glad i andres eller eigen musikk.

Grannar
Vår kjente og kjære lokalavis er alltid positive til alt barne- og ungdomsarbeid. Og dei vil gjerna ha tips om meir som dei kan skriva om.

MX-Sport - Etne
Der kan du få kjøpt alt du trenge til zporty aktivitetar. Å vel so da...

Westcon
Dei sveisar på båtar og oljeplattformar, og bidra til at ungdommen kjem seg ut og får zporty formar...

Fagmøbler Ølen
Alltid positive til barne- og ungdomsarbeid. Der får me det me trenge av møbler. Ikkje minst zporty sommarmøbler.

Sommarfestivalen/bygdahuset
Takk for at me får disponera teltet og bygdahuset for ei leige me kan leva med. Utan den avtalen som hadde det ikkje blitt nokon festival.

Holten Media
Sivert Ole Holten lagar presseskriv, intervjuer, firmaomtale og mykje anna, i tillegg til å fotografera. Og hjelper ellers mykje til med festivalen.

Diversen
På Diversen finne dei zporty alt, unntatt litt om spiker og salt.

Haugesunds Avis
Ja her kan du lesa, og treng ikkje besa, om alt du vil - og enda litt til.

Ølen Frisørsalong
Ja fin på håret det må me vera, ja kanskje den finaste i heile verda...

MCE
I MCE der er dei med, når ungdommen vil få ting te... Kult!

Sandeid Handelslag
Dei bidrar med utruleg mykje til barne og ungdomsarbeid. Ikkje minst med ein god pott til kunstgrasbanen i Sandeid. Dei har den maten og drikkå dei zporty treng!

Sandeid Bensin
Her får du alt som du trenge til bilen, og litt godteri for å halda på smilen...

Urmakar Arnestad
Til deira støtta seier me berre tikk-takk-tikk-takk og kikkert...

Berge Sag
Alt det som folk treng for å leva det gode liv. Sånn trematriellt sett... Og mykje anna til hus og hytter.

Optikar Reidun Pettersen
Her hos henne der får du briller, ja også nye om du har riller...

Brødrene Langeland
Boller, brød og kaker. Ja dei har alt som smaker.

Arcus Vita - Etne
Med helseartiklar i alle hyller, mange kroppar med godt dei fyller.

Mange enkeltpersonar
Takk til alle dei som har bidratt med eit eller anna. F.eks. med positive kommentarar, gjennomføring av aktivitetane, oppvisningar, popstjernene, lån av ditt og datt, publikum og mykje anna. Til saman er me ei supermakt!


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools