hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Fiske
Fiskatips
Flugestang
Wobblere
Ski
Sykkel
Trening
Ut på tur
Utstyrstips
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold


SJØ-AURE FISKE PÅ VINTEREN
Eg fiskar heila året, og sjøaure er ein av mine favorittar. Sjølv om det er vinter så er sjøauren på hogget.
Her er nokre av mine favoritt-tips;

Sluk:
Den blå møresilda er alltid ein suksess, og eg foretrekker lette slukar, frå 10-15 gram. Men, det finnes også mykje anna som fungerer godt, som for eksempel morilld, tasmania-devil, viking-sild og viking-herring.
Alle desse slukane kjem i forskjellige vekter og fargar.
Når temperaturen kryp nedover, bør fargevalget vera lyse-grønne, lyse-blå og kanskje litt spraglete. Dersom du vil prøva noko anna, er wobblerar svaret. Du kan bruka same fargevalget som sluk, og spør forhandlaren om storleiken i forhold til kor du fiskar.
Fluge:
Bruk stang klasse 7-8 og intermidiet snøre. Dersom du ikkje har slikt snøre kan du kjøpa synke-fortom. Flugevalget bør vera zonker-fluger og rekeimmitasjonar, i tillegg til vanlige sjøaure fluger.
Alt får litt tregare på vinteren, så sakte og ujevn innsveiving er teknikken då. Etter min smak er det å bruka litt tynnare sen også effektivt. Dårleg vær med litt sterk sønnavind er ofte det været som gir best fangst.
Kor fiskar me?
På grunnar, i bukter og utpå nes. Gjerne i nærleiken av elvar og bekker. Men, husk 100-meters regelen.
Husk:
Minstemål på sjøauren er 35 cm. Tynne fiskar set me også fint tilbake.
Ynskjer du fleire tips, så ta gjerne kontakt med meg og oss på Zporty-butikken

Hilsen
Eirik Reinsnos        
eirik@zporty.no
Ord for dagen; "det e bare vann"


utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools