hovedside
om zporty
Aktiv og positiv fritid
Zporty-festivalen
Zporty-fotballskule
Zporty-snøfestival
Zporty opplevingar
Ski- og snøforhold
Bli med på Popstjernå
Zporty barne- og ungdomsfestival går i desse dagar ut og inviterer til ein talentkonkurranse for dei mellom 13 og 19 år. Audition blir det både i Haugesund, Vikedal og Sauda, no i slutten av mai, før det blir ein avsluttande finale under Zporty- festivalen som går av stabelen i Vikedal 13. – 15 . juli.
- Eg syns det er flott og kjempebra at nokon gir dei unge ein sjanse til å få vist seg fram. Seier Idol Maren som gjerne skulle vore med i juryen, men må prioritere skulearbeidet i slutten av mai. ( Foto: Rønnaug Vea )


Det er primus motor bak opplegget Frank Abelseth som seier dette, og som vonar dette kan vere eit tilbod for dei mange framtidige popstjernene i distriktet.


- Eg var sjølv med på ein slik konkurranse i 1983. Eg vann i Rogaland, og gjekk vidare til finalen som gjekk i Trondheim. Og for meg var dette ei stor oppleving, seier Abelseth som har jobba intenst den siste tida for å på plass ein jury som det kan vere interessant å prøva seg for.

- Det føler eg no at me har fått til og sett saman ein jury som både syns dette er spennande å vere med på og er motivert for å gjera ein skikkeleg jobb, seier han, og kan fortelje at Kjetil Ulland frå Sandeid, Harald Lavang, Kine Nesheim og Helge Toft frå Haugesund er dei som blir med i juryen.

-Dette er folk som har brei erfaring som band- og studiomusikarar, i tillegg til at både Kjetil Ulland og Harald Levang har produsert plater for kjende artistar, seier Abelseth og legg til at Kine Nesheim er ei ung jente som i vinter hadde suksess og gjekk heilt til topps i NRK Rogalands – Talentlokalen.

Kine Nesheim vann med ein sjølvlaga song, og i ettertid føler ho at dette har ført til at fleire har fått augene opp for det ho held på med.

- For meg har dette slått positivt ut og eg har fått større oppmerksomhet rundt musikken eg lagar, seier ho, som kan fortelje at ho også tidlegare har vore med i ein jury under ein talentkonkurranse.

- Ja, er var med i juryen under Haugalandsmesterskapet i rock og det var både interessant og utfordrande å få vere med å meine noko om andre sin musikk og det dei gjer på scenen.

 

Idol Maren anbefaler

Ei som Frank Abelseth svært gjerne ville hatt med seg i juryen var Karmøy-jenta Maren Flotve Birkeland, betre kjent som Idol Maren. Ho hang lenge med blant dei ti finalistane i årets Idol-konkurranse, men er no tilbake på Karmøy for å førebu seg til eksamen på vidaregåande og måtte melde avbod til juryarbeid denne gongen. Ho vil likevel vere med å slå eit slag for dette tiltaket.

- Eg syns det er flott og kjempebra at nokon gir dei unge ein sjanse til å få vist seg fram. Eg veit at det finst mange unge talent rundt omkring og for dei som har eit ønskje om å drive med musikk i framtida er dette ein god måte å kome vidare på, seier Maren, og legg til at for henne har deltakinga i Idol gjort henne rikare på erfaringar.

 

Frank Abelseth i Zporty barne- og ungdomsfestival lovar at dei som går vidare til den avsluttande finalen i Vikedal vil få  opplæring- og instruksjon i forkant av finalane.

-  Det å lære noko er sentralt i Zporty-konseptet og me kjem til å ha kvalifiserte folk som vil kunne hjelpe dei unge både med song og framføring, seier han og lovar skikkeleg finalestemning ei eit telt som kan ta opp til 1000 tilskodarar.

- Me har vore så heldige å få disponera teltet til Sommarfestivelen i Vikedal, som er på rundt 800 kvadratmeter og gir plass både til stor scene og masse publikum.

Så kom igjen... Scenen er din!



utskrift Klikk her for en utskriftsvennlig utgave av denne siden
Artikkelarkiv
01.11.11 Velkommen til Zporty-fotballskule 2011:)
14.05.11 Ingen Zporty-festival i 2011
01.03.11 Velkommen til Zporty-Snøfestival til helga!
28.01.11 Zøndag den 6. mars er det Zporty-snøfestival:)
02.11.10 Velkommen til Zporty fotballskule 2010
16.07.10 Hjerteleg takk for svært positiv innstilling!
14.07.10 Kjempestemning og sommarshow!
11.07.10 Elin Tvedt og Hoggormen
07.07.10 Påmeldinga til Zporty-festivalen er starta!
29.06.10 Programmet for Zporty-festivalen er klart:)
25.05.10 Zporty-festivalen 2010 - 13-15 juli
26.03.10 Zporty Snøfestival er utsatt til 2011.
23.01.10 Zporty Snøfestival 2010
11.10.09 Velkommen til Zporty Fotballskule!
18.07.09 Hjertelig takk til alle som deltok på Zporty-festivalen 2009!
14.07.09 Velkommen til Zporty-festivalen!
12.07.09 Godt med påmeldingar så langt!
01.07.09 Påmeldingane til aktivitetane er starta!
15.06.09 Me treng artistar til avslutningsshowet!
02.06.09 Zporty-festivalen 2009 er i rute! (sånn ca.)
27.04.09 Hjertelig takk til alle som deltok på Zporty-snøfestival!
14.01.09 Zporty Snøfestival under planlegging!
05.01.09 Så er me i gong med 2009!
20.12.08 Ynskjer ei Zporty jul til alle!
07.12.08 Alfred Berge på Zporty-fotballskule
22.10.08 Zporty Fotballskule
09.10.08 Hjertelig takk!
03.07.08 Påmeldinga er starta
19.05.08 Zporty-festivalen 2008
23.02.08 Zporty Snøfestival
04.02.08 Skidag på Vågslid
02.01.08 Godt Zporty år til alle!
08.11.07 Ski og skiutstyret er på plass!
28.10.07 Turtips på zporty.no
05.10.07 Surfkasting-kurs!
05.10.07 Flugefiske-kveld
19.08.07 Det er zporty med uteaktivitetar
23.07.07 Hege Eikemo frå Sauda vann Popstjernå 2007
21.07.07 Fantastisk publikum! Strålande artistar!
19.07.07 Extremsport på Zporty-festivalen!
18.07.07 Kjempedag på Zporty-festivalen!
17.07.07 Så er Zporty-festivalen igong!
10.07.07 Påmeldingane til Zporty-festivalen er starta!
22.06.07 Sandra til Zporty-festivalen!
11.06.07 Zporty-festivalen 2007
16.05.07 30-40 aure tatt på Vatsvatnet
04.05.07 Fiske- og sykkeldagar
23.04.07 Kjempetur til Zkarverennet!
10.04.07 Zporty Snøfestival! Ein suksess...
29.03.07 Sykkelveka og Påskesalg!
21.03.07 Kjempetur til Pasvikdalen
21.03.07 Zporty-butikken til Skånevik
09.03.07 Spesialtilbud til Zporty-medlemmer!
25.02.07 Ski- og snøforhold på Zporty.no
06.02.07 Ski-skøytekurs må utsetjast!
29.01.07 Tur til Skarverennet
26.01.07 Stor suksess! Og nå er det snødag...
22.01.07 Fiskarkveld og Ski- og smørekveld
01.01.07 Klubbkveldar og aktivitetar på Zporty-butikken
21.12.06 God jul og godt nytt år til alle!
18.12.06 Detta blei ein travel søndag
14.12.06 Søndagsope
08.12.06 And the winner is...
01.12.06 Detta va jaggu kjekt!
27.11.06 Velkommen til opning den 30. november
21.10.06 Zporty-butikken opnar i Etne 30. november
19.07.06 Kjempedeltaking og strålande vær!
11.07.06 Meld deg på!
22.06.06 Programmet for Zporty-festivalen er klart!
12.06.06 Desse er klare for finalerundane i Popstjernå - 2006
08.06.06 Flott oppmøte og innsats også på audition i Sauda
07.06.06 Stor stemning på audition i Haugesund
02.06.06 Odd Martin Skålnes og Tuva Simensen i juryen
09.05.06 Popstjernå 2006
17.04.06 Takk te addle som bidrog til Zporty-snøfestival - 2006!
17.04.06 Suldalsmeister i Rumpebrett-Rally 2006
07.04.06 Nå er me på plass på Gullingen
03.04.06 Det snør på Gullingen!
23.03.06 Påmeldingane er begynt!
03.01.06 Velkommen til nytt snøår!
29.11.05 Snart e det jul!
16.07.05 Heilt kanon, snadder og tatanka!
05.07.05 Påmeldingane tikke inn...
16.06.05 Programmet så godt som klart!
03.06.05 Aktivitetane begynne å ta form
31.05.05 Desse gjekk vidare til finalerunden i Popstjernå
30.05.05 Idol-jury i Vikedal
24.05.05 STOR stemning på audition til Popstjernå
09.05.05 Velkommen på audition til Popstjernå!
20.04.05 Popstjernå er på gong!
30.03.05 Takk til alle som deltok på zporty snøfestival!
14.03.05 Snø, snø og atter snø!
07.03.05 Påmeldingane er begynt!
23.02.05 Gratulerer Mari!
08.02.05 Velkommen til zporty-snøfestival
06.01.05 Det ser ut til å bli festivalar!
16.07.04 Mari Vestbø til topps i Popstjernå!
13.06.04 Meld deg på aktivitetane
31.05.04 Mange vil bli Popsjerner
29.05.04 Desse gjekk til finalerunden i Popstjernå
20.05.04 Bli med på Popstjernå
02.05.04 Popstjernå
30.03.04 Fleire og fleire aktivitetar på plass.
09.01.04 Det blir festival

telefon 92 23 83 51- e-post frank@zporty.no
Webdesign av A1 Grafisk Ide - Povered by i-tools